F.v. Kjetil Grimen, Arnt Ahrens Helland, Oliver Andre Matre og Oddvar de Fine. Foto: Ingrid Hovstad

Fitjar Småbåt inviterer til litt forsinka 10 års jubileum, og mini-båtmesse.

Fitjar småbåt har ikkje alltid vore namnet på bedrifta. Tidlegare gjekk dei under «Fitjar småbåt og fritidsservice».

– Det opphavelege namnet skulle romma meir. Me tenkte at me skulle driva med småbåtar, men ogso med snekkerservice på til dømes hytter. Men det vart med småbåtane, og me ynskte eit namn som fortalde akkurat kva me driv med, fortel dagleg leiar, Kjetil Grimen.

Travel vår

Sjølv om dei har fjerna fritidsservice frå namnet sitt, manglar det ikkje på servicen hos Fitjar småbåt. Fire blide menn møter oss i Årskog. Alle i full sving med ulike oppgåver. Arnt Ahrens Helland rekk eit hei, før han skal ut å levera ein vårklar båt. Oliver Andre Matre skiftar motor på ein båt. Oddvar de Fine styrer med ein båt som skal visast fram under feiringa på laurdag. Alt medan den daglege leiaren viser oss rundt.

Kjetil Grimen som vart tilsett som dagleg leiar i haust, står føre sin første vår med selskapet. Og når ein driv med båthotell og service for småbåtar er det mykje som å gjera om vår.

– Litt vår i lufta og alle ynskjer båtane sine på sjøen, so no er det full fart her ute, fortel Grimen.

Oliver Andre Matre jobbar med ein båt. Foto: Ingrid Hovstad

Meir enn berre båthotell

140 båtar har sjekka inn på båthotellet for tida, men det er enno plass til fleire. For det meste er det småbåtjeepar, men dei har ogso nokre større båtar.

– Båtane på «hotellet» driv me service, og eventuelle reperasjonar på om vinteren. Slik har me jobb heile året, og tid til alle som berre ynskjer ein sjekk av båten sin no om våren, fortel Kjetil Grimen.

Selskapet har to hallar med båtar, og ein verkstaddel. Når me vitjar dei i Årskog driv dei å bygger om.

– Me har tidlegare hatt pauserom i eine hallen. No flyttar me det inn i verkstaddelen, slik at me får plass til fleire «båtreolar» i hallen, fortel Grimen.

Hos Fitjar Småbåt får du ogso kjøpa båtar, utanbordsmotorar og diverse båtustyr.

I tillegg sel dei tilhengarar av ulike slag. Nytt for året er at dei er blitt godkjente av Statens vegvesen for reperasjonar av bremser og lys på tilhengarar med påløpsbrems. Dette gjeld for tilhengarar som kan trekkast av bil med totalvekt på opp til 3500 kg.

Båtar som kosar seg på hotell. Foto: Ingrid Hovstad

Litt forsinka feiring

Fitjar Småbat har halde på sidan 2007, men feira ikkje jubileet i 2017. So i år nyttar dei høve til å feira seg sjølv. På laurdag (23.mars) inviterer dei til markering i Årskog. Her vert det mini-båtmesse, og mykje gode tilbod.

– Pioner, båtmerket me forhandlar, vert 60 år i år. Det feirar dei med godt utstyrte jubileumsmodellar, og det er første gongen me har alle modellane inne. På laurdag viser me fram desse og mykje meir, og det gler me oss til, fortel Kjetil Grimen.

Han seier det vert kaka og kaffi, og at dei held ope i frå kl.10 til 16.

– Det er kjekt å få visa fram kva me driv med her ute, men det kan henda me skal prøva å få rydda litt før folka kjem, ler Kjetil Grimen, som håpar mange tek turen og feirar med dei.

Dagleg leiar, Kjetil Grimen, håpar mange kjem på mini-båtmessa. Foto: Ingrid Hovstad