Etter det Fitjarposten erfarer er det all grunn til å ha store forventningar til konserten med Fitjar Musikklag, med solistane Rannveig Hagen Leseth (tidl. Johnsen) og Tom Rydland som solistar. Konserten finn stad i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg førstkommande laurdag kl. 18.00.

Rannveig har gjort karriere både som popmusikar og klassisk songar, og skulle vere vel kjend for Fitjarbuen. Det er òg Tom Rydland som har vore solist i svært mange samanhengar dei siste åra. I tillegg vert Silje Skåla solist på euphonium.

Denne gongen skal me få høyre dei i ei perlerad av vakker Andrew Lloyd Webber-musikk, som til dømes musikk frå Cats, Operafantomet, Song and dance, Evita,
Whistle down the wind og Jesus Christ Superstar.

Billettar à kr. 150,- får ein kjøpt hos Thea Træet og Odd Larsen AS, eller ved inngangen.