Larsenkaien er under sterk endring, og Odd Sverre Larsen har sendt oss eit skriv der han fortel om kva som skal skje.  -Larsen Eigedom A/S set no planane om eit oppgradert havne- og kaiområde ut i livet, arbeidet starta i byrjinga av mars, og området ber no sterkt preg av aktiviteten som føregår, i det adkomst for både køyrande og gåande er avstengt, inn til vidare.

Fylling av bensin og avgiftsbelagt diesel er òg ute av drift for tida. Pumpehus og pumper vert flytta og ser ut til å vera i drift att frå onsdag 16. April, dersom ikkje uvventa hendingar skulle dukka opp.

Når det gjeld avgiftsfri diesel, har det vore høve til å bunkra frå manuell pumpe i perioden med avstengte bensin/avgitsbelagte dieselpumper, og ny pumpe for avgiftsfri diesel vert teken i bruk frå i morgon, fredag, og fram til onsdag, med manuell drift. Den nye pumpa for avgiftsfri diesel har utvida pumpekapasitet, ca 130 liter i minuttet, og egnar seg godt for fylling av større kvanta.

Arbeidet omfattar òg oppretting av kaifront frå banken til moloen. Den mykje omtala strandpromenaden vert då vidareført i same område. Moloen vert oppgradert med natursteinsfront, badetrapp og dekke. På enden av molen kjem det ein betongbryggje i retning sør-nord, og mot vest til aust vert det utlagt fire bryggjer av same type, med total lengde 60 m. Betongbryggjene skal i tillegg til å fungera som bøljebryttarar også fungere som utvida kaiplass.

Me tek sikte på og ha fullført arbeidet innan utgangen av juni, og me gler oss til å presentera sjøsida for våre kundar og leigetakarar.