Pressemelding: Er du interessert i korsong, klassisk musikk eller kanskje til og med begge delar? Du som bur i Sunnhordland, har no ein sjeldan sjanse til å bli med på eit prosjekt utanom det vanlege.

Stordkoret byrjar denne hausten å øva inn verket Johannespasjonen av Johann Sebastian Bach. Til dette treng me fleire songarar – særleg sopran- og bassrøyster, men alle interesserte er velkomne. Anten du er frelst på Bach frå før eller tenkjer at du har litt interesse for klassisk kormusikk, er tida inne no. For når ein får vera med og framføra eit slikt verk, kjem ein på inn i musikken på ein heilt annan måte enn ved berre å lytta.

Johannespasjonen er frå 1724, frå tida rett etter at Bach byrja som Thomaskantor i Leipzig. Verket byr på to timar med fantastisk og engasjerande musikk: mektige korsatsar, vakre ariar, korallar over kjende salmetonar og ikkje minst intens musikkdramatikk. Handlinga er henta frå Johannesevangeliet og fortel om hendingane langfredag, frå Jesus blir arrestert til krossfestinga.

Stordkoret skal framføra Johannespasjonen på tre konsertar i perioden 19.–21. mars 2021, i Stavanger, Haugesund og på Stord. Stordkoret vil bli akkompagnert av det profesjonelle ensemblet Stavanger Barokk. Som vanleg har Stordkoret også med seg profesjonelle solistar. Dirigent og ansvarleg for innstuderinga av verket blir den faste dirigenten vår Liv Kari Bru.

Stordkoret øver kvar måndag 19.15-21.45 på Leirvik skule. I tillegg brukar me å ha to øvingshelger kvart semester. Så møt opp måndag 24. august! Det er ingen opptaksprøve, men dirigenten vil gjerne høyra på stemma di slik at du blir plassert i rett gruppe.

For meir informasjon, kontakt dirigent Liv Kari Bru (tlf. 473 50 754) eller styreleiar Torill Berge Nøstvåg (tlf. 918 41 158).