Barnas turlag Stord/Fitjar starta sesongen med ettermiddagstur til Skjephaugen, torsdag 10. april. Her var det mulegheit til å steikje seg mat på bålet ved gapahuken.

– Vêret viste seg ikkje frå si beste side tidlegare på dagen, men det vart etter kvart ein fin ettermiddag inne i skogen. Omkring 35 personar var møtt fram, og me hadde ei hyggeleg stund i området rundt gapahuken.

Barnas turlag vil med dette minne om at no er topptrimsesongen opna. Klyper og bøker ligg klar på toppane, og kort er å få kjøpt på Sport 1 på Amfi og MX Sport i Fitjar. Elles er det muleg å få kjøpt kort på turane våre.

Årets første arrangerte topptur vert søndag 27.04, og målet er toppen av Siggjo. Me håpar mange vil vera med oss på turen! skriv leiar Wenche Nygård til fitjarposten.no.