Gjengen i Stord24 og Fitjarposten jublar for pressestøtta. F.v.: redaktør Jonas Sætre, marknadssjef Mariell Hervik og journalistane Cassandra G. Jespersen og Anja Austlid. Journalist i Fitjarposten, Ingrid Hovstad, var ikkje til stades. Foto: Stord24

– Dette er noko me har jobba for i lang tid. At me no endeleg kom gjennom nålauget er veldig gledeleg, seier redaktør Jonas Sætre.

Torsdag føremiddag kunngjorde Medietilsynet den gledelege nyheita om at Stord24, og dermed også Fitjarposten, er blant fem nye aviser som kjem inn under pressestøtteordninga i 2021.

Støtta, som i år er på totalt 370 millionar kroner, blir fordelt om kort tid.

– For å få produksjonstilskott må avisa oppfylle ei rekke krav. Publikasjonen må blant anna ha som hovudformål å formidle nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt til allmennheita, i tillegg til å ha eit breitt tilbod av nyheits, aktualitets- og debattstoff frå ulike samfunnsområde, skriv Medietilsynet.

Kan satse endå meir

Redaktør i Stord24, Jonas Sætre, gler seg stort over nyheita.

– Dette er rett og slett eit resultat av at me gjennom journalistikken vår har klart å gjere oss interessante nok for publikum. Slik har me klart å få nok abonnentar til å nå kravet.

– Me må få rette ein stor takk til alle lesarane våre, både av Stord24 og Fitjarposten som også kjem inn under ordninga.

For begge avisene betyr pressestøtta at lesarane kan vente seg ein endå betre journalistisk dekning i tida framover.

– Dette betyr at me kan satse endå meir på å gje lesarane våre relevant og viktig journalistikk for lokalsamfunnet, så dette er ikkje berre ein stor dag for Stord24, men for heile Stord som får ein endå betre journalistisk dekning.

Tre fekk avslag

Det var åtte nye aviser som søkte om pressestøtte i år. Utanom Stord24 har også avisene Varden, Karmøynytt, Nidaros og Subjekt grunn til å feire i dag.

Dei tre som fekk avslag er Nett.no, Bodø.nu og Vefsn.no.

– Nett.no får avslag fordi avisa etter Medietilsynet si vurdering ikkje oppfyller kravet i forskrifta om å innehalde eit breitt tilbod av nyheits-, aktualitets- og debattstoff frå ulike samfunnsområde, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet, i pressemeldinga.

Bodø.nu får avslag grunna for høgt overskott dei sista åra, medan Vefsn.no får avslag fordi avisa ikkje oppfyller kravet om å ha eit opplag på minst 1000 eksemplar.