– Storm Weather Shanty Choir frå Stord er hanka inn til Japan-turné. Sjantikarane har til og med fått sin eigen teikneserie før turen startar, skriv bt.no.

– Det er veldig kjekt, samtidig som det er heilt absurd, seier sjantigeneral Håkon Vatle vidare til regionsavisa, og fortset: – Me er jo på ein måte outsiders i norsk folkemusikk. Japanarane hadde høyrt gjetord om oss etter at me spelte på Folkelarm for to år sidan, og i fjor kom det plutseleg ein mail. Då måtte me berre takka ja, seier Vatle.

I bt.no kan me òg lese at koret og skal kome ut med plate i Japan før turneen startar. – Nett no sit eg faktisk og ser i coveret på japansk, seier Vatle, som på telefonen knapt høyrest ut som han kan tru det han ser. Og, som om ikkje det er nok, har japanarane laga ein teikneserie som illustrerer korleis gruppa blei danna.

Det er ikkje kvar dag folk i frå øya me bur på får slikt tilbod, så sjølv om dei ikkje akkurat er fitjarbuar, vil fitjarposten ønskje dei all mogeleg lukke til. Les meir på bt.no.