Klinikkdirektør ved Somatikk på Stord sjukehus, Anne-Beth Njærheim. Foto: Stine Steingildra/Helse Fonna

Helse Fonna melder måndag at dei opphevar besøkforbodet ved Stord sjukehus.

– Beredskapsleiinga i Helse Fonna vedtok måndag morgon å oppheve besøksforbodet på Stord sjukehus. Sjølv om det framleis er mykje smitte i Stord kommune, er vurderinga at det ikkje lenger er like stor risiko for å få smitte inn på sjukehuset, skriv Helse Fonna i ei pressemelding.

Måndag føremiddag er det to pasientar med påvist Covid-19-smitte innlagt på sjukehus tilknytt Helse Fonna; éin på Stord sjukehus og éin på Haugesund sjukehus. Begge er i aldersgruppa 18-64 år og ingen av dei får intensiv behandling.

– Årsaka til at Stord sjukehus vart stengt for besøk førre helg var situasjonen lokalt i kommunen, med stor auke i talet på smitta. Difor ville ein vere føre var, og ikkje sleppe inn meir folk enn naudsynt, skriv Helse Fonna.

– Meiner at vi har god kontroll

Klinikkdirektør ved Somatikk Stord, Anne-Beth Njærheim, seier at stenginga var eit mellombels tiltak grunna den uoversiktlege situasjonen i kommunen, og fordi det var eit stort tal menneske som hadde vore i kontakt med moglege smitteområde.

Administrerande direktør Olav Klausen rosar måten dei tilsette har handtert situasjonen på, og for den raske avgjerda med å stenge sjukehuset.

– Det var mange pasientar inne, og det er lågare bemanning i helgane. I tillegg er søndag den dagen med flest besøk. Når då smittetrykket lokalt var så høgt, og situasjonen var uavklart, måtte vi ta ekstra forholdsreglar. Trass i at det framleis er mykje smitte lokalt, meiner vi at vi har god kontroll på situasjonen, seier Klausen.

– Tenk deg om ei ekstra gong

Han seier at det å stengje dørene for besøk er eit drastisk tiltak som dei helst vil unngå, fordi det råkar både pasientar og pårørande hardt.

– Difor vel vi å opne opp att for besøk, seier han.

Helse Fonna poengterar at sjølv om forbodet er oppheva, er oppmodinga til besøkjande at dei tenkjer seg om ei ekstra gong før dei besøkjer sjukehus eller DPS.

– I tillegg minner ein om at folk må respektere besøksreglane, slik at ein kan halde sjukehusa opne lengst mogleg for pårørande, skriv Helse Fonna.

Dette er nokre av dei viktigaste reglane som gjeld for besøk:

  • Alle besøkande skal få spørsmål om mogleg smitte og gjerast kjende med kva smitteverntiltak som skal gjennomførast ved besøk.
  • Besøkande skal vere symptomfrie. Dei som er i karantene eller isolasjon, eller har vore i utlandet siste 10 dagar, kan ikkje komme på besøk.
  • Pasientar med uavklart Covid 19 skal ikkje ha besøk.
  • Besøkstid er mellom kl. 16:00 og 17:30 alle dagar.
  • Besøkande må utføre god handhygiene, handvask eller spriting, når dei kjem inn på sjukehuset og når dei går inn og ut av pasientrom. Hugs å halde 1 meter avstand.
  • 1 besøkande per pasient, kan ikkje delast på fleire besøkande grunna smitteomsyn.
  • Besøk inntil 30 minutt på fleirsengsrom.
  • Besøk inntil 1 time på enkeltrom.