Leiar Gerda Øen under årsmøtet på Fitjar med den aller nyaste medlemen i Turlaget, Tore Sigurd Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. ,

Årsmøtet i Stord Fitjar Turlag i går kveld bar bod om ein organisasjon med ein solid økonomi og ein imponerande aktivitet – og denne gongen slutta fitjarbuen bra opp.

Dei fleste av dei 60 frammøtte i kantina på Fitjar vidaregåande skule hadde rett nok kome den lange vegen frå Stord for å få med seg årsmøtet. Men vel eit dusin spreke fitjarbuar i moden alder var òg på plass.

Av årsmeldinga til Turlaget gjekk det fram at aktiviteten er svært stor, og det same er økonomien. Omsetnaden siste året var på nesten 3,4 millionar, og eigenkapitalen per 31.12.2018 var på vel 1,9 millionar! Laget har arbeidd med fleire store prosjekt dei siste åra, blant anna turkart over heile fjellet i Stord og Fitjar, sherpatrapper på Stord, Stord Topp 8, merking og vedlikehald av stiar og grøne skilt i fjellet.

Arbeidet med skilting og merking kan turgåarar sjå resultat av om dei tek turen til fjells i Fitjar, ikkje minst frå Olstjødno og oppover. Andre store prosjekt til glede for fitjarbuen er den nye brua over Tveitaelva i Inste Botn. Og ikkje minst gapahuken ved Kidnavatnet og lysløypa til Svartavatnet.

Dei to siste prosjekta har blitt gjennomførte av Turlaget, med Toralv Røen i fremste rekkje. Men her hadde han ikkje kome i mål så kjapt utan to andre brennande eldsjeler. Geir Tore Søreide og Tore Sigurd Fitjar sørgde for at det kom lys i lysløypa på rekordtid, og ho har allereie vor til stor glede for ivrige skiløparar som har nytta det sjeldne skiføret i Fitjarfjellet i det siste.

Både Toralv Røen og dei to «nykommarane» fekk gåver, blomar og mykje velfortent ros for innsatsen sin. Geir Tore Søreide fekk plass i dugnadsnemnda, og  Tore Sigurd Fitjar kan i dag stadfesta at han har meldt seg inn i Stord Fitjar Turlag, og dermed har laget kome opp i nesten 1200 medlemmer.

På «fitjarbenken» fann me to spreke nykomarar t.v. saman med fleire meir rutinerte turlagsfolk. Foto: Kjetil Rydland.

Etter valet ser hovudstyret i Stord Fitjar Turlag slik ut: Leiar Gerda Øen, nestleiar Svein Birkeland, skrivar Marit Sætre Cruickshanks, kasserar Jarle Nakken, varamedlemmer Inga Helland Lunde og Unni Gudmundsen. I tillegg har styret ein medlem frå kvar av gruppene.

Dei aller fleste tillitsvalde tok attval, og let til å vera innstilte på det same som Gerda Øen uttrykte i avslutningsreplikken sin:

- Annonse -

– Eg gjer så godt eg kan i eitt år til!