Etter første dag har juniorlaget til Storavatnet meldt seg på blant favorittane til sigeren i årets vintercup i fotball.

Etter å ha vunne begge kampane fredag kveld er Storavatnet jr. som einaste lag 100 % klare for semifinale i morgon. Dei ligg an til å vinna pulje 1 etter 1-0 mot Stratos og 5-2 mot Fitjarstølane. Det «gamle» Storavatnet er ute av dansen etter å ha tapt begge kampane sine i kveld, 1-2 mot Fitjarstølane og 1-5 mot Stratos. Kampen om andreplassen i puljen står dermed mellom Fitjarstølane og Stratos, som møtest laurdag føremiddag.

I den andre puljen er alt mykje meir ope, etter desse kampresultata:
Vestbøstad – Havn 1-1
Bakken – Sentrum 1-0
Vestbøstad – Bakken 5 – 2
Havn – Sentrum 1 – 5
Dette betyr at alle laga har sjansen til å nå semifinalen.

I dameklassen stiller berre 4 lag i år, og berre den første innleiande kampen blei avvikla fredag kveld. Den enda med favorittsiger 3-0 til Kalveid/Vestbøstad over Øvrebygda.