Jubel hos Vestbøstad-laget etter sigeren i dameklassen. F.v. Oda Rydland, Tone Brakedal, Marita Nysæther, Anne Helene Storesætre Vestbøstad, Kari Rydland, Anne Brakedal og Gunn Evy Henriksen. Foran:Britt Lise Onarheim Volden, Lillian Vestbøstad Waage og Camilla Volden. Foto: Håkon C. Hartvedt

Det vart favorittsiger til Vestbøstad i dameklassen. I herreklassen vart Storavatnet jr for sterke denne gongen.

I damefinalen var Bakken/Havn sjanselause, og Vestbøstad vann ein komfortabel siger med 6-2 etter solid spel.

Så lett vart det ikkje for Storavatnet jr å gå til topps i herreklassen. I ein svært spennande semifinale mot Vestbøstad, gjekk dei til slutt sigrande ut med 5-4.

I finalen hadde dei 80 prosent av spelet, men dårlege forsvarsmarkeringar, og eit Sentrum-mål heilt på tampen, gjorde at finalen endte 2-2.

Dermed måtte det straffekonkurranse til for å avgjera det heile. Og det er som kjent ingen spøk. Nervane tok fleire av spelarane. Ikkje minst på sentrumslaget. Og då Vidar Vestbøstad slo til med ei kjemperedning, vart det klart at det var Storavatnet jr som til slutt kunne jubla.

Jubel hos Vestbøstad-laget etter sigeren i dameklassen. F.v. Oda Rydland, Tone Brakedal, Marita Nysæther, Anne Helene Storesætre Vestbøstad, Kari Rydland, Anne Brakedal og Gunn Evy Henriksen. Foran:Britt Lise Onarheim Volden, Lillian Vestbøstad Waage og Camilla Volden. Foto: Håkon C. Hartvedt

Vidar Vestbøstad er i posisjon før ballen og redder straffe. Foto: Håkon C. Hartvedt
Vidar Vestbøstad er i posisjon før ballen og redder straffe. Foto: Håkon C. Hartvedt