Her frå toget i fjor der dåverande Bømlo-ordfører Odd Harald Hovland og Stord-ordførar Gaute Epland gjekk fremst saman med leiar i StoraprideAnna Sofie Ekeland Valvatne. Foto: Amalie Sydnes / Stord24

Pressemelding: Storapride inviterer Sunnhordland med på ei annleis pride-feiring i år.

– Me tykkjer det er viktig å ha ei pride-markering sjølv om me ikkje kan møtast på same måte som før, seier leiar i Storapride, Anna Sofie Ekeland Valvatne.

Difor skipar organisasjonen no til det dei har valt å kalla for Digipride. Arrangementet går føre seg på Facebook 28.juni frå kl. 15.00 og utover.

Dei lovar appellar, helsingar, og konkurransar på sosiale media, og oppfordrar alle til å heisa opp regnbogeflagget i heimane sine.

– No når ting kanskje er litt trist og grått i heimen tykkjer me det er ekstra viktig å gjera kvardagen meir fargerik. Me vonar at flest mogleg vel å bli med på feiringa og gjer litt ekstra ut av det heime.

Heile Sunnhordland

Storapride seier at dei er ein organisasjon for heile Sunnhordland, og ynskjer at heile regionen skal kjenna på det same.

– Difor har me i år, som i fjor, teke kontakt med samtlege kommunar og ordførarar i Sunnhordland for å høyra om dei ynskjer å delta på arrangementet. Me ynskjer å visa at Sunnhordland er for alle, og kva betre måte å gjera det på enn å få alle kommunane til å flagga med regnbogeflagget?

Dei har allereie fått bekrefta at Austevoll kommune kjem til å flagga med regnbogeflagget 28. juni, og at ordførar Morten Storebø deltek med ei videohelsing. Dei har ikkje høyrt noko frå dei andre kommunane enno.

– Me me vonar at me får like positiv attendemelding som me fekk frå Austevoll kommune, avsluttar Ekeland Valvatne.