Inspektører fra Fiskeridirektoratet i lettbåt fulllastet med ulovlige redskaper etter en formiddagsøkt i Ålfjorden.

Hummarsesongen startar i morgon, og denne helga har Fiskeridirektoratet, Kystvakta, Statens Naturoppsyn (SNO) og Politiet aksjonert i Sunnhordland.

Og dei har gjort heile 225 beslag i ulovlege reiskapar, skriv kommunikasjonsrådgivar Vegard Oen Hatten i Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

Denne hummaren stod i ei ulovleg hummarteine som blei sett ut før sesongen. Foto: Vegard Oen Hatten / Fiskeridirektoratet.

– Umerkte reiskapar utgjer størsteparten av beslaga. Nokre av desse er ulovlege hummarteiner der eigar heilt tydeleg lar vera å merkja, medan brorparten er beint fram slurv, seier aksjonsansvarleg Ina Giil Solheim frå Fiskeridirektoratet.

Det blir levert inn over 20 meldingar til Politiet.

Inspektør frå Fiskeridirektoratet sorterer beslaglagde reiskapar på akterdekket på KV Tor. Foto: Vegard Oen Hatten / Fiskeridirektoratet.

– Dette er ulovlege reiskapar med kjend eigar. Dei kan venta seg reaksjon og bøter frå Politiet, seier Solheim.

Fiskeridirektoratet har årlege samarbeidskontrollar med Kystvakta, Statens Naturoppsyn (SNO) og Politiet.

Kontrollområda er valde ut med bakgrunn i tips, historikk og kjennskap til områda frå før. Dette er stader me er kjende med at det er mykje ulovlege reiskapar, seier Solheim.

– Vi har gode erfaringar frå desse kontrollane med tanke på samarbeid og resultat, seier Solheim.

Fluktopning, mengd og merking

– Sidan kontrollen blei utført i hummarfredingstida, såg vi først og fremst på storleiken på fluktopningane på teinene vi kom over, seier Solheim

Denne teina hadde blokkerte fluktopningar. Denne miljøkrminelle teina ble funnen i Ålfjorden. Foto: Vegard Oen Hatten / Fiskeridirektoratet.

Reglane er klare: Opningane må vere minst 80 millimeter og plasserte nede ved botnen slik at hummar og småkrabbe lett kan ta seg ut. Samtidig må ikkje opningane vere lenger nede enn at det er fri passasje gjennom når reiskapen står i sjøen. Det skal vere minst éi sirkelforma fluktopning på kvar side av reiskapen.

Mengd teiner og merking

– Fritidsfiskarar kan fiska med inntil 20 teiner på denne tida av året. Ruser er forbode, med mindre ein har dispensasjon til å fiska med ruser, seier Solheim.

Reiskapen skal òg merkjast med namn og adresse på minst eitt av vaka / éi av blåsene. Alle som misser reiskap, må melda frå om dette til Fiskeridirektoratet.

– Ein kan nytta fritidsfiskeappen vår eller melda frå direkte, seier Solheim.

Hummarsesongen startar 1. oktober klokka 08.00. Alle som skal fiska hummar, må registrera seg.

Alle reglar er tilgjengelege på fiskeridir.no.