Det var mange som møtte opp på bedehuset laurdag ettermiddag.

Som vanleg opna messa med sal av handarbeid og matvarer. Strikkevarer og hekla og broderte brikker gjekk fort unna. Dei mange dørkransane av brakje var etterspurde. Stabelen av lefsepakker var ikkje liten, og heimelaga julekjeks, snop m.m. vart utselt. Gratis saft, kaffI og mat gav ein ekstra kveik medan folk prata saman og kjøpte varer. Det var og høve til å kjøpe årer og lodd på hovudgevinstane.

Tidlegare misjonær Jorunn Dørdal frå Blomsterdalen heldt andakt og kom med interessant misjonsinformasjon frå Nepal. Ho fortalde om ein vedvarande aksjon for å skaffe teppe til babyar i kalde fjellområde i Nepal. Ho vart nok overraska då Ellen K. Hovstad kom fram med famnen full av nystrikka babyteppe i ull. Foreningsdamene i Helland og Hovstad Normisjon har vore ekstra flittige denne hausten, for teppa er laga i tillegg til alt handarbeid som var til sals. Det må og nemnast at dei fleste hovudgevinstane er flotte handarbeid, m.a. ein stor juleduk med løpar.

Pengane som kom inn på messa (litt over 41 000 kr) går til Okaldhunga sjukehus i Nepal.