For fjerde gong arrangerte Fitjar Bondelag ”Open Gard” i Fitjar. I år i samarbeid med bondelaga på Stord og Huglo. Fitjar Bondekvinnelag var òg med. Og kjekt var det i år òg.

Mykje folk, både store og små, møtte fram i det svært høvelege vèret. Som tidlegare var det masse dyr å sjå, og ungane fekk både ri og kome i kontakt med dei andre dyra på ein god måte – og elles sjå kva bonden arbeider med. Eit flott arrangement som er svært positiv PR for bondeyrket. Bak det heile står Noregs Bondelag, og søndag var det ”Open gard” fleire titals andre stader i landet òg.

Geiter er alltid stas for dei små. Foto: Håkon C. Hartvedt