Fitjarrussen synte stor speleglede, og tidt og ofte runga latteren gjennom salen då Fitjar-russen framførte revyen «Rus(s)a-TV i Fitjar Kultur- og Idrettbygg i går.

Det var tydeleg at dei hadde jobba, godt hjelpt av mellom anna Sisssel Jørgensen og Ole Bergesen, med scenografi, engasjement og flyt i programmet.

Av dei 27 innslaga var sjølvsagt ikkje alle like gode. Flotte enkeltprestasjonar og morosame sketsjar var det likevel. Ikkje minst for alle med tilknyting til Fitjar vgs. Mellom anna fekk me møte lærarane Annvald Tufteland, Gro Rydland og Bjørg Lise Vestbøstad som alias-ar i nye settingar.

Me lo nok mest av Zumba-parodien med rullatorar og det heile. Ikkje minst av Brita Havnerås som spelte glimrande i fleire andre roller òg. Fantastisk artig mimikk og utrykk. Martine Hareide var med i mange settingar, og hennar oversetjing over stokk og stein som tolk for den amerikanske predikanten, slo godt an. Hanne Larsen gjorde òg ein god jobb som gjennomgåande «info-figur».

Kvalitetsmessig likte me nok dansenummera aller best, og gutane låg såvisst ikkje tilbake for jentene. Flott engasjement, kreativitet og presisjon.