Tala etter inntaket til vidaregåande skular i Hordaland 3. mars syner at søknaden til Fitjar vgs er glimrande. Skulen feira i dag dei flotte søknadstala ved å heise flagget – og med kake på lærarrommet.

Av dei 46 vidaregåande skulane i fylket er det berre åtte skular som har oppgang i søkjartalet i år. Av dei igjen er Fitjar den skulen i Hordaland som har den største auken i høve til totalt elevtal.

– Dette gler me oss sjølvsagt veldig over, seier rektor Leif Helge Engelsen til fitjarposten.no.

– Sjølv om søkjarmassen er langt større enn forventa, vil skulen prøve å finne plass til alle elevane som har søkt. Me vil både fylle opp alle klassane me har og opprette nye klassar, legg Engelsen til. Han er spesielt glad for stor auke i søkjarar til vg1 restaurant- og matfag og vg1 design og handverk.

Nytt tilbod slår an
Rektor Engelsen kan òg gle seg over at rundt 20 har søkt på det nye tilbodet til Fitjar vgs. – Det er eit tilbod til elevar som har fagbrev om å ta påbygging som vil gje dei studiekompetanse i tillegg til fagbrevet dei allereie har, forklarer rektor.

Alt dette tyder at Fitjar vgs truleg vil ha rundt 240 elevar + elevar på vaksenopplæring når nytt skuleår startar til hausten.