På heimesida si minner Fitjar kommune om at det er stor skogbrannfare.

Det fine, varme vêret i det siste har tørka opp marka slik at det er stor skogbrannfare. Fitjarposten har vore ute i kveld, og ser at påminninga er heilt på sin plass. Å gjera opp eld etter 15. april er forbode. Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor ber oss også tenkja over kor me set opp eingongsgrillen.

Du kan lesa meir på heimasida til Fitjar kommune.