Fitjar mekaniske Verksted opplever stor, positiv pågang for tida. Stadige førespurnader, og nye storkontraktar, gjev verftet ”luksusproblem”.

Nyleg signerte direktør Tore Vik kontrakt om endå ein ny supplybåt til Olympic Shipping.

-Denne kontrakten som er verd om lag 180 millionar kroner, sikrar oss arbeid til februar–mars 2008, fortel Vik som legg at ein i tillegg til dette òg skal byggja eit supplyskip for DOF. Tidlegare har Fitjarposten skrive om at fiskebåten Veronika, som no ligg til kai ved Fitjar Mek., skal gjerast om til seismikkskip, og at ein heilt ny fiskebåt skal levarast til eit skotsk reiarlag utpå hausten 2007.

-Utfordringa no er å skaffa nok fagfolk til å gjera jobben. Løysinga blir nok at ein også til desse oppdraga må supplere til hjelp i frå Polen, seier Tore Vik og viser til at det for tida er 15 polakkar i arbeid for Fitjar Mekaniske Verksted. Polakkar som gjer ein framifrå jobb.

– Likeeins er det svært vanskeleg og få tak i propellar og motorar for tida. Men me har gode kontaktar, så det skal nok gå bra, seier direktør Tore Vik, til slutt.

- Annonse -