Pass deg for kjerringråda som gjer plagene verre om du skulle brenna deg.
Sommar på Fitjar er for mange øyer, sjø og bading, men ein ting ein bør prøva å unngå medan ein hyggjer seg er brennmaneta.
– Rapportar frå Havforskningsinstituttet syner at oppblomstringa av brennmaneter er ekstra stor i år, melder Tryg Forsikring.

Dei ber deg passa deg for kjerringråd. Sanninga er at mange framlegg heller aukar, enn reduserer plagene.
– Mange har sikkert høyrt at det å smøra på yoghurt, dryssa på talkum, dynka med dispril-oppløysing i vatn, hella på urin eller gni med ei glasmanet mot skaden skal hjelpa. Alle desse vil gjera vondt verre, seier Dr. Jan Einar Vaage i Tryg Legehjelp.
Men kva hjelper?
– Det mest opplagte rådet er å sjekka vatnet godt før du hopper uti, men skulle du vera uheldig å komma borti brenntrådane bør du byrja med å symja roleg vekk.
På land må du passa på at alle trådane er vekke, før ein startar behandling.
– Ligg det trådar att på huda kan gifta gå djupare i huda og breia seg over eit større område. Bruk hanskar og saltvatn for å få vekk trådane, ferskvatn kan utløysa meir gift. Om trådane er vanskelege kan barberskum og barberhøvel hjelpa til med å skrapa vekk restane.
Å hella over lunka vatn er ofte den beste behandlinga etter at trådane er vekke.
– Du kan eventuelt kjøpa krem mot svie og kløe på apotek, men hugs å ta kontakt med doktor om du får ein kraftig allergisk reaksjon, avsluttar Vaage.