April er dekkmånaden framfor nokon; i desse dagar må me skifta til sommardekk. JKS Bil & Deler melder om stor omsetnad av nye sommardekk.

Dagleg leiar i JKS Bil & Deler AS, Jo Kjetil Strand, kan ikkje gje nok tal for kor mykje dekk dei reknar med å selja, men seier at pågangen er stor. Ikkje berre frå fitjarbuen, men – gledeleg nok – også frå stordabuen.  

Dette tar Jo Kjetil Strand som eit teikn på det han meiner å vita, nemleg at han er konkurransedyktig både på pris og kvalitet. Han har dekk i dei fleste dimensjonar og prisklassar. Og ikkje minst – han har mange dekk på lager. Derfor kan Jo Kjetil lova kort ventetid. 

Han kan ikke gi tal for omsetnaden, men på bakken heime mellomlagrar han brukte dekk før dei blir henta til gjenvinning. Fitarposten har vore og teke bilete som viser at det er snakk om store mengder dekk!  

Som kjent er det ikkje ein fast dato for skifte av piggdekk i år. Pga.at påska kom så tidleg, krev ikkje politiet at pikkdekka er av første måndagen etter påske. Og dei vil venta med å skriva ut bøter. Men lensmannskontoret minner om at bilisten har plikt til å sko seg etter føreforholda.