I Veteranbiltreffet, laurdag, med kortesje frå Fitjar til Leirvik og tilbake igjen, handlar det ikkje om halvgamle bilar frå 30-40 år tilbake. Den eldste bilen er over 100, dei aller fleste over 80.

 

I Fitjar er veteranbiltreffet sett saman med markeringa av at det i sommar er 100 år sidan vegen mellom Fitjar og Stord vart offisielt opna. Den siste strekninga dei arbeidde med var mellom Rydland og Dybvik. -Og kva er betre enn å la veteranbilar markere eit slikt jubileum?, spør kultursjef Elise Aarbø i Fitjar.

Her er programmet for det som skal skje i samband med vegjubileet laurdag 12. juni.

Kl 10.00 Fitjar Musikklag spelar. Enkel uteservering (grilling, vaflar, is, kaffi). Lokale veteranbilar tar oppstilling på reservert plass på ”Larsenkaien”. Veteranbussar parkerer v/rådhuset

Kl 10.15 ”Fjord & Ferry Rally” deltakarene kjem til Fitjar og parkerer på torget. Informasjon om dei gamle bilane. Dei køyrer vidare ca kl 11.15.

Kl 11.15 Trafikksikringsinformasjon v/Statens vegvesen. Dei har med seg utstyr for å demonstrera bråstopp, samt at dei vil orientera om sikring av barn i bil m.m.

Kl 11.15 Historisk tilbakeblikk og helsingar frå gjester.

Kl 12.00 Kortesje med lokale veteranbilar og bussar – frå Fitjar til Leirvik og tilbake.

Kultursjefen kjem elles med ei svært viktig melding vedrørande parkering i sentrum på laurdag:

” Sidan torget og parkeringsplassen ved sida av bankbygget vert reserverte for veteranbilane laurdag føremiddag, ber me om at publikum parkerer ved kyrkja, bedehuset, ”Larsenkaien” og Kulturhuset.”

Startlista fortel òg sitt om kva for bilar me får sjå:

1 Fiat 1906 40 HP GP William Sykes GB
2 Buick 1925 7-ps touring Trygve Krogsæter (arrangør) N
3 Chevrolet 1929 Sedan Reidar Schumann-Olsen N
4 Opel 1933 Regent cabriolet Bernd Rehm D
5 Buick 1934 7-ps touring Arne Holme N
6 BMW 1939 327 Heinrich Reese D
7 Ford 1914 T touring Harald Fadum N
8 Fiat 1925 501 spider Richard Unckles AUS
9 Citroen 1929 AC4 Torpedo Rainer Blei D
10 Ford 1934 V8 Roadster Kjell Solhaug N
11 BMW 1940 335 Cab Per Viberg N
12 Mathis 1927 MB torpedo Udo Dittfeld D
13 SPA 1914 9000/50 HP Bue David-Andersen N
14 Bugatti 1925 Type 23 Arild Staver N
15 Buick 1930 49-25 7-ps touring Roald Stig Jørgensen N
16 Packard 1941 Cabriolet Knut Samuelsen N
17 Franklin 1919 9B touring Egil Hagen N
18 Ford  1926 T varebil Åse og Jan Erik Edwardsen N
19 Buick 1935 Touring Glenn Kristiansen N
20 Mercedes Benz 1953 220 S Cabriolet Peter Rade D
21 Reo 1920 Touring Morten Patricksson N
22 Ford T 1926 Touring Kjetil Olsen N
23 Bugatti 1930 Type 43 Per Gjerdrum N
24 Packard 193 Sedan Steinar Hødal N
25 Rover 193 14 Reidar Jensen N
26 Franklin 1922 9B Sedan Eivind Daldorff N
27 Austin 1926 12 touring Hans-Peter Eisenhut D
28 Pierce Arrow 1930 Sport touring Øivind Grimsmo N
29 Dodge 1935 D2 Conv. Sed. Robert Rafn N
30 Fiat 1924 510 S Trond Thorbjørnsen N
31 Auto Union 1937 Horch 930V Cabrio Günter Merten D
32 Opel 1932 1,8 L Jan Hylen N
33 Delahaye 1938 135 MS Eirik Bøle N
34 Durant 1924 Touring Pål Andersen N
35 Buick 1928 25-28 touring Ivar Bråthen N
36 Packard 1928 526 roadster Alfred Lossmann D
37 LaSalle 1932 Roadster Bjørn Skjærvik N
38 Oldsmobile 1924 Touring Kjell Arne Hoel N
39 Fiat 1928 520 Torpedo Torkil Storstein N
40 Pontiac 1932 Convertible sport Werner Tangermann D
41 Buick 1924 Brougham Dag Johannessen N
42 Packard 1929 Pickup John Wallentin N
43 Studebaker 1930 7-ps touring Ymer Sletten (arrangør)  N
Startliste forslag pr. 29.5.10