Normisjon hadde møtehelg på Fitjar Bedehus denne helga, og viste at misjonsgløden fortsatt er levande.

Det starta med basar laurdag ettermiddag, og avslutta med møte søndag kveld. Kvinneforeininga til Normisjon (tidlegare Santalmisjonen) som består av 8 damer stod for arrangementa. Basaren hadde dei førebudd godt, og det møtte opp folk i alle aldrar, frå dei yngste til dei eldste. Det var to omgongar med åresal, flotte gevinstar på bok, andakt og matøkt.

På søndagsmøtet deltok 5 studentar frå Gå ut senteret, som er normisjon sitt tverrkulturelle studiesenter i Hurdal. Dei formidla eit levande engasjement for misjonen sitt arbeid. Dei er alle elevar ved STK-linja på senteret. STK står for studium i tverrkulturell kommunikasjon. Det er eit årsstudium som inkluderer 5 månader i eit av samarbeidslanda til normisjon. Studentane hadde vore i ulike land og delte frå sine erfaringar der. Det var ikkje fritt for at fleire av tilhøyrarane skulle ønskt dei var unge igjen og kunne få oppleva det som desse ungdomane fortalde om.

Jo Kjetil Løsnesløkken, som er ansatt i Normisjon, "tende bål" på talarstolen og fortalde levande om Peter og hans liv med Jesus. Det handla om å følgja etter, mest av alt å vera elska og å tena.

Håkon C. Hartvedt deltok med song. Songar med sterke tekstar, tydeleg og truverdig formidla slik at dei nådde hjarta til dei som lytta.

Møtehelga resulterte i heile 27 182 kroner, som foreiningen gler seg stort over å kunna senda vidare til Normisjon, og på den måten få vera ein del av misjonsarbeidet og bidra til at ordet vert forkynt ut over heile jorda.