Fire korps frå Sunnhordland som skal delta i Sotrafestivalen på laurdag, held i morgon kveld konsert i Kultursalen i FKIB.

Korpsa du kan høyre i tillegg til Fitjar skulekorps i morgon er skulekorpsa frå Rommetveit, Stord og Sagvåg. Og det vert ein variert musikalsk meny publikum vil få høyre. Noko for einkvar smak trur me, etter å ha sett programmet.

Under Sotrafestivalen skal Fitjar skulekorps denne gongen delta i 2. divisjon brass. Konkurrentane dei møter her erSamarbeidskorpset Sotra Vest/Midtre Sotra, Damsgårds Skoles Musikkorps, Askøy skolebrass, Minde Skoles Musikkorps, Klvheim skulekorps og Skodvin Skulemusikk.