4 store, fulle ringar rundt juletreet i idrettshallen.

Søndag ettermiddag var det stor juletrefest for heile bygda og opning av Fitjar kommune sitt 150-årsjublieum, i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Trass nydeleg vinterver vart det meir enn fult rundt borda i idrettshallen då bortimot 400 fitjarbuar kom for å delta på denne folke-juletrefesten.

Det var ordførar Harald Rydland som stod for den offisielle opninga av julbileumsåret etter at Elise Aarbø hadde informert litt om jubileumsprogrammet, som starta med denne julefesten og vert avslutta med konsert 18. desember. I 1860 vart Fitjar eigen kommune, og den første ordføraren Mikkel Eide kom frå Strando. Så for å opna jubileumsåret ynskte Rydland seg hjelp frå nokre strandera. Alice Rose Mehammer (7) og Martin Pedersen (10) kom fram for å halda snora. Men snor mangla, så konfransier Ole Bergesen måtte ofra slipset og ordføraren fann ein skarp kniv blandt gevinstane som skulle loddast ut, og med det kunne slipset skjerast av og jubileumsåret høgtidleg opnast.

Det var mykje tid til drøs og høve til å kjøpa seg suppe, kake, kaffi, brus og popkorn. Det siste var svært populært blandt dei yngste, og festen vart gjennomført til akkomapagnement av poppinga i popcornmaskinen. Det var og utlodding med mange flotte gevinstar.

Den musikalske delen var det Fitjar ten-sing og Invild M. Oma og Marthe V. Nordfonn som stod for. Koret song to julesongar. «Nå er den hellige time» med flotte soloar av Ingrid Fjøsne og Ingvild M. Oma og «Himmlen i min famn.» Invild akkompagnerte etter det først Marthe som song den fine adventssongen «Tenn lys» og så seg sjølv som song vart og vakkert «Sangen til julestjernen» frå Reisen til julestjernen. Me kunne gjerne tålt fleire slike innslag.

Juletregongen vart leia med stø hand og tone av Tom Rydland. Det vart 4 store, gode ringar rundt treet og songen vart flott akkompagnert av musikkantar frå Fitjar skulekorps og Fitjar musikklag under leiing av Ole Kristian Ottestad. Både små og store song godt under juletregongen, men då musikken fortsatte med vers 4 av «Å jul med din glede», vart det stilt i ringane og folk tok til å kikka på kvarandre. «Om vinden den tuter og sneen den sner…». Dette var nye ord.  Er dette verset verkeleg ein del av Gustava Kjelland sin kjende julesong? Etter eit raskt søk på nettet dukkar dette 4. verset opp, og endå eit til: «Når engang vi samles i himlenes sal…». Kanskje nokon har ei forklaring på desse to ukjende versa? Juletregangen vart uansett høgtidleg avslutta med «Deilig er jorden.. Oss er en evig frelser født!».

«Då er det over og takk for i dag!», avslutta Ole Bergesen. «Eller er det noko me har gløymt?» Nokre mumla: revyunderhaldninga det var annonsert med. Men det var ikkje det Ole og ungane tenkte på, det var nissen. Etter at alle ropte av full hals: «Nissen!», kom det luskande ein liten kjekk nisse med stor sekk med godteposar til alle ungane. Så var det deffinitivt over for denne gong, men Ole Bergesen i arrangementskommiteen håpar ein slik stor folke-juletrefest skal bli eit årleg arrangement, og etter interessa å dømma er slike festar liv laga!

4 store, fulle ringar rundt juletreet i idrettshallen.