Utdanningsmessa i Fitjar kultur- og Idrettsbygg i går samla mykje folk, både elevar og foreldre. Det var leiar for Fitjar Næringsråd Monika Hatlevik godt nøgd med.

Det er 4. gong Fitjar Næringsråd arrangerer lokal utdanningsmesse. Målet med messa er at elevane skal bli kjende med lokale bedrifter og sjå at dei kan ha ein arbeidsplass på øya å kome heim til, når dei er ferdige med utdanninga si. Sjølvsagt er òg eitt av måla å vise elevane ulike utdanningsvegar. 

– Det som er spesielt bra med denne messa er at me òg kjem i kontakt med foreldra, seier rådgjevar Ingrid K. Skorpen ved Stord vgs. I tillegg til den vidaregåande skulen på Stord var òg Fitjar vgs, Austevoll vgs og Lundeneset vgs til stades. Firma som stilte var Wärtsilä, Engevik og Tislevoll, Hatlevik rør, Sjøtroll, Maritime Aluminium og Visningssenteret ved Engesund Fiskeoppdrett.

– Tidlegare har alle fått presentert seg. Då var kvelden svært lang. I år har me difor valt å la berre tre få gjera det, sa rådgjevar Frøydis Almås ved Rimbareid skule då ho opna det heile i Kultursalen.

Dei tre som fekk dette tilbodet var Fitjar vgs, Engesund Visningssenter og Marine Aluminium. Dermed vart det noko lengre tid på kvar, og alle tre stod fram med glimrande presentasjonar.

Etter samlinga i Kultursalen var det mingling i foajeen, eit nyord som tyder at ein prøver å få kontakt med folk for å småprate eller spørre om ting. I denne samanheng med folk på dei ymse standane, andre foreldre eller dei som presenterte noko frå scena. Og me kunne ikkje sjå anna enn at svært mange nytta dette høvet på ein god måte.

Alle me mingla med gav uttrykk for at messa er eit svært positivt tiltak, til hjelp for dei unge i deira yrkesval. Me vil óg bli svært overraska om ikkje fleire av dei unge finn seg jobb på heimstaden etter endt utdanning.

Mellom representane møtte me mellom anna på Nils Andreas Brekke og Jan Thore Josdal frå FMV. – Viktig å få vise at vi er her og at me har tilbod til dei unge, seier dei til fitjarposten.no.