83 velforeiningar og burettslag har inngått avtale med SIM om å rydda i buområdet sitt i vår. Det er 10 fleire enn i fjor og 25 fleire enn i 2005. Alle som inngår ryddeavtale kan gratis levera avfallet til SIM i løpet av vekene 16-21.

Til saman har SIM sendt ut 1 357 bossekker til foreiningane som er med på ryddedugnaden. Det kan ikkje lagast ryddeavtale for område som kommunen, næringsdrivande, vegstellet eller arrangør av tilstelling har eige ryddeansvar for etter forureiningslova.

Torleiv Agdestein