Det var lagt opp til eit variert program med fokus på gamle tradisjonar innan fleire handverk og daglegliv inne og ute.

Tore Lande Moe heldt føredrag om tenestejenter og om byggjeskikk i Sunnhordland. Arne R Tislavoll har godt kjennskap til Årskog museum og han formidla dette til dei frammøtte gjennom føredrag og omvising. Eventyret Havmannens son vart framført som teater to gonger, med skodespelarar frå Sunnhordland museum og Stod folkebibliotek. Inne i det gamle våningshuset sat «gamle koner» og spøta, broderte og stoppa sokkar blant anna. Den gode lukta av nysteikt flatbrød møtte ein i døra, og alle fekk tilbod om ei smaksprøve med nykinna smør. Saman med bygg-grynsgrauten var dette svært gode smakebitar. Og skikkeleg mett kunne ein bli av kaffi, kaker og nysteikte lappar i utekaféen. Både born og vaksne deltok i hesteskokasting og rognebærblåsing. Laging av hoppetau og eplekransar var også populært. Elles kunne ein få med seg utstilling av gamle kle, dekketøy, bilete og mykje anna.

Kultursjef Bente Bjelland og formidlar Astrid Elin Lønning frå Sunnhordland museum hadde gjort ei solid førebuing i samarbeid med Husflidslaget og Bygdekvinnelaget. Desse to laga tok ansvar for alt som hadde med handarbeid og mat å gjere, slik som i fjor. Kultursjefen ønskjer å framheve deira innsats. Bente Bjelland og Astrid Elin Lønning ivrar for å ta vare på den unike samlinga på garden Årskog, som viser levd liv i fleire generasjonar. Det er ei svært innhaldsrik samling med garden sine eigne eigneluter, anten det gjeld stas-ting eller til dømes gamle medisinboksar eller utslitne underbukser. Brørne Årskog tok vare på alt og alle tinga er registrerte som museumsgjenstandar. Den inngåtte samarbeidsavtalen med Sunnhordland museum lovar betre for framtida til muséet, men Fitjar kommune og innbyggjarane er nødvendige medspelarar.

Astrid Elin Lønning fortel at skuleklasser får tilbod om spesielle opplegg på muséet kvart år. Elles kan interesserte få omvising etter nærare avtale med kulturkontoret.

 God, gammaldags bygg-grynsgraut. Foto Turid Sandvik

Vigdis

 Vigdis Aarre Olsen kjevlar ut flatbrød. Foto Turid Sandvik

 Hesteskokasting

 Annar Westerheim frå Stord Fitjar hesteskoklubb hjelper til med hesteskokasting. Foto Turid Sandvik