Heile 40 historieinteresserte trassa dårlege vêrmeldingar og møtte opp til omvising på festningsområdet i Osterneset onsdag kveld.

Det var altså ingen grunn til å klaga på frammøtet då Foreininga Osternes festning saman med sogelaga i Stord og Fitjar bad inn til omvising på det store festningsområdet. Odd Jarl Larsen var engasjert omvisar, og det lét til at tilhøyrarane sette pris på det dei fekk høyra. I alle høve heldt alle ut i over tre timar, før den engasjerte omvisaren sa seg ferdig for kvelden.

Då hadde han ført publikumet sitt gjennom rundt tre firedeler av det store festningsområdet. Blant tilhøyrarane var Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll, grunneigarane i Stokksneset, naboar frå Osterneset og representantar frå Stord sogelag. I tillegg til ein stor flokk historieinteresserte i alle aldrar.

Omvisar Odd Jarl Larsen hadde førebudd seg godt, og gav eit levande bilete av livet på fortet under krigen. Dei siste åra har Foreininga Osternes festning hatt fleire dugnader. Blant anna har dei to gonger hatt hjelp av 9.-klassingar frå Rimbareid skule. For elevane har dette vore eit godt økonomisk tilskot til reisene for å sjå krigsminnesmerka i Polen. Og eit lite stykke viktig historieundervisning.

I kveld fekk me med oss korte glimt av den dramatiske soga til motstandsmannen Johannes Sandvik frå Færøysund, litt om dei få «skarpe» situasjonane på fortet under krigen, blant anna då eit britisk fly blei skote ned ved Reksteren. Med god kompetanse frå miliæret kunne Odd Jarl Larsen forklara korleis kanonane, lyskastarane og det andre militære utstyret fungerte.

Det gjorde naturlegvis òg sitt til å gjera kvelden vellukka at vêret etter kvart blei rimeleg bra. Det fortente både foreiningane bak omvisinga og den engasjerte omvisaren. Vel fortent var og takken frå ordførar Wenche Tislevoll ved vegs ende. Dette er eit prisverdig tiltak som me vonar foreininga vi gjenta etter kvart som dei får rydda større delar av det store festningsområdet.