Rundt 50 næringslivsfolk frå Fitjar stilte då Fitjar Næringsråd, Atheno og Fitjar kommune arrangerte næringsseminar med Innovasjon Norge på Fitjar Fjordhotell i går kveld.

Frå Innovasjon Norge stilte avdelingsleiar Ole-Andreas Smette. Han har hovudansvar for landbruk og reiseliv i Hordaland, og det var nettopp dette som var temaet hans i går kveld. Etter ein kort presentasjon av Innovasjon Norge, brukte han god tid på å fortelje om kva dei kan tilby av økonomisk støtte. Vidare snakka han svært konkret  om kva som skal til for å få slik støtte, og han gav talande døme på innovative føretak som hadde motteke slike pengar frå Innovasjon Norge.

Astrid Kjellevold Steinsland frå Atheno tok det heile på ein måte endå nærare. Atheno samarbeider tett med Innovasjon Norge, og mange fitjarfirma har fått hjelp og råd gjennom dei med omsyn til ymse søknader.

I pausen nytta dei fleste høvet til idéutveksling og samtale rundt temaet, med kaffi og rundstykke som god katalysator.
– Svært nyttig, meinte fleire av dei me snakka med. Og fleire gav etterpå uttrykk for at det ville vere positivt om Atheno følgde dette opp ved å knyte seg tettare til Fitjar. Dei kunne gjerne invitere til sammøte for firma med like interesser.

Flott næringsplan
Etter pausen vart Strategisk næringsplan for Fitjar kommune 2014-2018 presentert av ordførar Wenche Tislevoll. I tillegg til ordføraren har Lars Ove Rimmereid, Monika Hatlevik, Asbjørn Vik og Tom Kristian Innvær stått for utarbeidinga av denne planen, i samarbeid med Atheno.

– Dette skal vere ein aktiv plan, og han skal gjere ein forskjell i næringsarbeidet i 2014-2018. I det heile skal han gjere Fitjar til ein betre bygd å bu i, sa Tislevoll under presentasjonen. – Her er det òg lett å «kryssa av» når ein har fått utført noko av det planen lovar. Det gjer han ikkje akkurat mindre forpliktande, la ho til.

Planen, som hausta lovord både hos Ole-Andreas Smette og dei frammøte, kan du sjå her.