Bortsett ifrå utstillinga med Karl loppen sine måleri, har det aldri før har det vore så mykje folk på utstillingsopning i Galleri Losjen som det var då IKON-utstillinga til Lars Slettebø vart offisielt opna i dag. F.v. Lars Slettebø, kultursjef Bente Bjelland, Eli Simonsen og Ole Christian Ottestad. Foto: Håkon C. Hartvedt

Det heile vart meir enn ein vanleg utstillingsopning. Me vil seie at det var ei velsigna fin stund, og ordførar Wenche Tislevoll brukte ord som herleg og guddommeleg om bileta. Kanskje ikkje så rart det. IKON er jo bilete som har med det guddommelege å gjere, med Kristus i sentrum. – Er gjerne kalla eit vindauge til det heilage, og det heiter seg at ein ber ikkje til bileta, men til personane som bileta framstiller, som Tislevoll sa det. Ho peika òg på at sjølv om me helst tenkjer på den gresk ortodokse kyrkja i samband med desse bileta, så er denne tradisjonen no i ferd med å bli eit felles språk for ulike kyrkjesamfunn.

Lars Slettebø fortel at ein katolsk oppvekst og turar til Russland er årsaka til at han har fatta interesse for IKON-måling. Me får vidare vite at målinga som vert nytta kallast eggtempera. Ei måling Slettebø lagar sjølv av eggeplommar, eddik og vatn. – IKON-målinga er på mange måtar ei botsøving for meg mot all galskapen eg har laga med korrekturteikningar opp gjennom åra, seier han.

– Målar du òg andre ting?

– Ja, eg målar eigentleg alt mogeleg, smiler Slettebø før han orienterer dei mange frammøtte om dei einskilde bileta.

Lars Slettebø fortel om bileta. Foto: Håkon C. Hartvedt

 Eli Simonsen og Ole Christian Ottestad. Foto: Håkon C. Hartvedt

Med på utstillingsopninga var òg Eli Simonsen og Ole Christian Ottestad som gjennom tekst og tonar understreka bodkapen me finn i bileta.

Ottestad med gregoriansk-prega melodiar, og Simonsen med tekstar som mellom anna denne av Anne Kristin Aasmundtvedt:

Jesus Menneskesønn, 
kom til meg.
Jeg strever
og trenger hjelp,
jeg bærer tungt
og trenger hvile. 

Kristus Himmelkonge,
jeg kommer til deg.
Pust liv i meg
så jeg kan leve,
pust tro i meg
så jeg kan ha håp.

Når andre svikter,
når taket om livet glipper, 
hold meg fast.

Det heile vart fint leia av kultursjef Bente Bjelland.