Alle Tv-innsamlings-bøssenen er no leverd inn i banken og talt opp, og gjevargleda har som vanleg vore stor i Fitjar.

Då me er innom banken klokka halv seks sit Ellinor Bergesen der og tek imot bøssa til Mona A. Traa som akkurat er ferdig med sin innsamlingsrunde. Ingrid Vestbøstad i Sparebanken er på plass og tel opp pengane og  Johanna V. Jensen hjelper til der det trengs.

Det kjem inn fleire bøsser. Knut Helge Hellland har hatt ein runde på eit par timar i Øvrebygda og set seg no ned og tek seg ein velfortent pause. Han vert servert kaffi og kake, og har tid til ein liten prat. Det har vore lett å gå med bøssa for å samla inn pengar til Tv-aksjonen. Folk har stort sett sete klare med pengar og venta på han, og det på tross av at mange av dei han kom til  allereie hadde støtta tv-aksjonen då det var kveldaseta på skulen. Ellinor Bergesen, som er dagleg leiar i Fitjar frivilligsentral, takkar han for jobben og er svært så entusiastisk når ho får snakka om tv-aksjonen.  Ho vil takka alle bøsseberarane, og dei er det over 50 stykker av. Alle har vore veldig velvillige og har gladleg stilt opp. Dette er verd å feira, derfor serverer ho kake. For dei midlane kvar bøsseberar har samla inn får kanskje så mange som 10 familiar eit nytt liv. Med 50 slike bøsseberarar kan Fitjarfolk ha gitt så mange som 500 familiar eit betre liv. Det er fantastisk, tykkjer Ellinor. «Ja, no har me allereie passert 100 000,- kroner», kan Ingrid meddela. Så kjem Torunn Aarskog og Åse Nøttveit inn med «bly-tunge» bøsser, så summen går nok endå oppover.  Torunn Aarskog er leiar i utvalet for oppvekst og omsorg, og det er dei som har ansvar for aksjonen her i kommunen. Utvalet har bede frivilligsentralen om hjelp med den praktiske gjennomføringa, og det har fungert svært fint. 

I tillegg til å servera kaffi og kake er Johanna med og puttar myntar i teljemaskinen. Mange, mange myntar, det er på tusenvis av kroner. Men så er det nokre pengar som dett gjennom. Sjå her, seier Johanne, ei dansk krone, ei svensk krone og ein gamal norsk tiøring. Dei myntane ville ikkje teljemaskinen ha.

Framleis ventar Ellinor inn fleire bøsser. Me går frå banken, men litt før klokka 8 er oppteljinga ferdig og me får melding om at det har kome inn heile 148 135, 50 kroner i bøssene, pluss 5000,- kroner som kommunen har gitt. Totalt 153 135,50 kroner, i tillegg til ei svensk og ei dansk krona og ein norsk tiøring. Av ordføraren får me opplyst at det pr. 1. juli 2009 var 2920 innbyggjarar i Fitjar, og det gjev oss eit snitt på vel 52,44 kroner pr. innbyggjar. Andre melder om at det på tekst-tv står at kvar fitjarbu har gjeve over 60 kroner i gjennomsnitt…

Ellinor Austad Bergesen fortel at mange bøssebererar melde om tomme hus. Det er mykje som har skjedde denne haustdagen, men ho ser likevel på summen som eit veldig bra resultat! Sett i høve til innbyggjartalet i Fitjar gir dette eit svært høgt gjennomsnitt!!

Dei som ikkje har fått høve til å gje pengar til aksjonen i dag kan gjera det ved å ringa 820 44 110, då gjev ein 200 kroner, og hjelper med det verdens fattigaste kvinner ut av fattigdomen.

Dersom du ynskjer å veta meir om kva pengane går til kan du gå inn på www.tvaksjonen.no

Pr. 22.10.09 er gjennomsnittet pr. fitjarbu kome opp  i 68,10 kroner. For heile Hordaland totalt sett ligg gjennomsnittet pr innbyggjar på 39,68 kroner.