Bøsseberarane opplevde stor gjevarglede då dei var rundt og samla inn pengar til TV-aksjonen i dag. – Jamt over stod folk klare med pengane, smiler dei.

Ellinor Bergesen, som har vore sentral i aksjonen i Fitjar, er godt nøgd.

– Det har vore veldig greitt å spørje folk om å vere bøsseberarar. Stort sett seier dei ja når dei blir spurde, om dei ikkje har lova seg vekk til noko anna, seier ho til fitjarposten.no.

I banken venta det sjokolade og takk til bøsseberarane når dei hadde levert bøssa.

Johnny Stadheim og Svein Inge Sandvik hadde vore på ferjekaien på Sandvikvåg.

– Kjempebra. Bilistane var utruleg positive til aksjonen, så dette var ikkje mykje å kvi seg til, seier Johnny som hadde denne ruta for første gong. Svein Inge har samla inn der ein gong før.

– Positivt då òg, får me vita.

Banksjef Ingrid Vestbøstad og medarbeidar Sissel Våge talde opp pengane som så ofte før. Brukar av fritida si.

– Me har vore med sidan 1985, men ikkje alle åra. Me deler litt på det. Men dette er både meiningsfylt og kjekt, let det.

I tillegg til det som kjem inn gjennom bøssene, har fitjarposten.no allereie fortalt om Kveldasetet i Øvrebygda som samla inn nærare 29 000 kroner. Og etter dei opplysningane me har fått, kom det i tillegg inn rundt 13 500 kroner til aksjonen på Open skule i Sælevik på fredag.

73 kr per person

Frå banken har me no fått vite at det har kome inn kr 176 277 ved bøsseinnsamlinga. Dette er rundt 20 000 kr meir enn i fjor. Legg me så til midlane frå Kveldasete i Øvrebygda og Open skule i Sælevik, endar ein på rundt 218 000 kr totalt. Det tyder at kvar fitjarbu i gjennomsnitt har gjeve rundt 73 kr. (Om me rundar av folketalet i Fitjar til 3000).

I tillegg vil det truleg koma inn ein del pengar på giro frå folk som ikkje var heime under bøsseinnsamlinga i dag.

Eit flott resultat, synest me.