Også Øvrebygda skule samlar inn pengar til Flyktningehjelpa i høve årets store innsamlingsaksjon.

Gymsalen var fullsett då ein av elevane, Mats Westvik, ønskte velkommen til kveldaseta. Skulen held fast på ein mangeårig tradisjon der ein samlar inn pengar til årets TV-aksjon. Det var ei skikkeleg kveldaseta med god tid til prat rundt kaféborda. Elevane stod bak ”disken” og selde kaffi og ymse bakverk som foreldra hadde laga.

Men først stilte alle elevane opp og song med liv og lyst, og vakkert var det: Mozart i 100, Musikken er en gave og Stopp, ikke mobb kameraten min.

Det var også elevane som gjekk rundt og selde då åresalet starta, og dei hjelpte til med trekkinga. Dei frammøtte kjøpte årer i haugevis, og nokre vann haugevis med gevinstar, medan andre var mindre heldige. Men det viktigaste denne kvelden var å gi til ei god sak.
Ved eit lite bord var det høve til å gjette kor mange snop som låg oppi ein plastboks. Ikkje noko lett oppgåve, men eit av foreldra tipp visst  heilt rett og fekk innhaldet med seg heim.

Rektor Sigbjørn Årland fortel pr telefon at det kom inn heile 25310 kr på dei to timane kveldaseta varde. Den summen er ny rekord i høve til tidlegare år.