-Kyrkjekontoret vil retta i stor takk til alle som tok vel i mot konfirmantane då dei var ute for å samla inn pengar til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon, skriv kyrkjeverje Harald Rydland i ei pressemelding. Bilete: Foto: Kirkens Nødhjelp
-Dette året var tema for aksjonen vatn og klima. Pengane som vart samla inn skal m.a. brukast til å hjelpa fattige rundt om i verda som ikkje har det like greitt som oss når det gjeld tilgang til reint vatn.
Den siste tida har det vore tett mellom basarar og innsamlingsaksjonar i Fitjarbygda. Likevel vart det ny rekord for fasteaksjonen. I bøssene kom det inn kr. 45.140,- medan det vart gjeve kr 4.400,- under kollekten i kyrkja.
Dette vitnar om at folk i Fitjar har stor gjevarglede og omsut for andre som treng hjelp.
Igjen vil me takka alle gjevarar, konfirmantane og dei frivillige som var til hjelp under aksjonen, legg Rydland til.