– Gjevargleda vert berre større og større. Det seier Margareth Sveen og Ove Gudding i Romaniahjelpen Vestlandet til fitjarposten.no. Nyleg hadde dei innsamling i Fitjar.

– Folk er veldig glade for å kunne gi vekk noko som kan koma andre til nytte. Og det er så visst ikkje berre noko som dei har klaska ned i ein sekk rett frå loftet. Oftast er kleda både vaska, bretta og stroke, smiler Margareth.

– I snitt kjem folk med 2-3 sekker, men nokon kjem med ti og betaler gladeleg 1000 kr for å få levera, legg Ove til.

Kleda går til jente- og guteheimar, i tillegg til barnehagar og SFO mellom dei som treng det aller mest.

steroidi