Stor gjevarglede i årets TV-aksjon Ordførar og innsamlingsleiar Wenche Tislevoll takkar alle for ein fantastisk innsats og fortel om ny rekord.

Ved teljing i Sparebanken Vest i kveld viser det seg at summen blir 211147 kroner. Det vil seie at kvar person har gitt meir enn 70 kroner. Dermed får over 1000 menneske reint vatn resten av livet. Beløp som blir ringt inn i etterkant, er ikkje med. Resultatet i fjor var 208719 kroner.  Wenche Tislevoll fortel om  ekstra innsats frå kommune og næringsliv, ekstra bøsser på handballturnering, fotballkamp og Fitjardalten. Dessutan vert soknerådet nemnd i tillegg til Slowfood, bygdekvinnelaget og Øvrebygda skule. Skulen sin innsamlingssum har me skrive om tidlegare, 34.744 kroner.