UP gjennomførte fartskontroll på E 39 i 60-sona ved Engevik i tidsrommet 18.00 – 24.00 i går, og mange vart tekne for stor fart.

I alt vart det skrive ut 13 forenkla førelegg, seks førarar vart melde og fekk beslaglagt førarkortet sitt. 

Høgaste hastigheit for personbilane var 102 km/t. Mellom dei tunge køyretøya 85 km/t.

Alle som vart melde og mista lappen var menn mellom 20 og 47 år.