Dei som fyller fire år i år var spesielt invitert til familiegudstenesta i Fitjar kyrkje i dag, for å feire hausttakkefest saman med Bakken barnehage, Bygdekvinnelaget og resten av kyrkjelyden.

Kyrkja var nydeleg haustpynta med årets grøde av Fitjar bygdekvinnelaget. To konfirmantar var kyrkjevertar og tok imot folk etter som dei kom. Med 350 små og store gudsteneste-deltakarar vart det ganske tett i kyrkjebenkene, og akkurat så mykje liv og lyd som det skal vera på ei familiegudsteneste. Dei eldste ungane i Bakken barnehage deltok med å bæra fram fruktkorger under inngangsprosesjonen, og heile barnehagen deltok med flott song. Sokneprest Olav Johannes Oma tok utgangspunkt i den gode grøda og talte om å takka, dela, og å ikkje gløyma Gud.

Først mot slutten av gudstenesta kom det som mange av 4-åringane hadde gledd seg veldig til. Dei skulle koma fram og få 4-årsboka: Mi kyrkjebok. Utdelingsseremonien var ei sjarmerande stund som vart avslutta med at heile gjengen song Eg er trygg hos deg.

Denne 4-årsboka er ny av året, og inneheld mange fine forteljingar og songar, fortalde kyrkjelydspedagog Silje H. F. Fyllingen etter utdelinga. Andrea Våge Helland stilte seg villig opp for fotografen etter gudstenesta, og viste stolt fram den nye boka. Men akkurat i nuet var ho eigentleg vel så oppteken av det gode eplet ho hadde fått av bygdekvinnene på veg ut av kyrkja, som den nye boka.

Mange i kyrkja hasta av garde for å koma seg til fjells på familiefjelldag med idrettslaget, så eg måtte heilt til Olstjørna før eg fekk snakka med nokon om kva dei hadde opplevd dagen før, og kvifor dei såg ut til å føla seg så heime i kyrkja.

Om laurdagen hadde dei fleste 4-åringane vore med på kyrkjevandring for å bli betre kjend med kyrkjehuset, Olav-prest og Silje-pedagog og andre som jobbar i kyrkja. Dei hadde fått sett på og prøvd orgelet og preikestolen, dei hadde sete på traktoren, dei hadde fått døypa ei dokka i døypefonten  og dei hadde sett på TV, fortalde dei 4-åringane eg prata med ved Olstjørna. Med TV meinte dei at dei hadde sett kyrkjeklokkene ringa «live» på ein stor skjerm bak galleriet. Men det hadde visst vore dårleg lyd i kyrkjeklokkene den dagen. Dei hadde og vore på mini-søndagsskule i kyrkjestova. Og så hadde dei fått bollar, og det var stor suksess kunne foreldra, som var svært godt nøgde med arrangementet, skyta inn. På spørsmålet mitt til ungane om dei hadde truffe presten i kyrkja vart dei stille og usikre, heilt til ein av dei utbraut: Farfar var der i alle fall!