Brannsjef i Fitjar Tore Nesbø har innført totalforbod mot open eld. Foto: privat

Fitjar brann- og redning sender ein tankbil og to brannmenn til Sotra for å bistå i sløkkingsarbeidet.

Brannsjefen i Fitjar har innført totalforbod mot å gjere opp open eld i kommunen. Forbodet vart innført i dag, 4. juni, og gjeld inntil vidare.

Årsaka er at det vert vurdert stor fare for gras- og lyngbrann, samstundes som brannvesenet i regionen har redusert kapasitet på grunn av ein pågåande aksjon. Ein har difor avgrensa tilgang på eksterne ressursar.

Aksjonen det vert vist til er sløkkinga av grasbrannen som starta på Sotra i Øygarden kommune torsdag ettermiddag.

I samband med brannen på Sotra har også Fitjar brann- og redning fått førespurnad om bistand. I eit samarbeid mellom Fitjar, Stord og Bømlo kommunar har Fitjar brann- og redning sendt ein tankbil og to brannmenn til Øygarden i dag. Dette skriv Fitjar kommune i ei pressemelding.