Kriseleiinga i Fitjar vidareformidlar at helseministeren har sett i verk forskrifta som fortel at det er forbod mot å overnatta på fritidseigedom i ein annan kommune enn der ein er folkeregistrert.
Ein har lenge oppmoda folk om å ikkje reisa på hyttene sine i heile landet. Ogso politikarane på Fitjar diskuterte saka under deira første politiskefjernmøte. Les meir her.
No har helseministeren måtta tatt steget fullt ut og laga ei forskrift som forbyr deg å overnatta deg på fritidseigedom i ein annan kommune enn der ein er folkeregistrert.
Forskrifta har to unntak melder ordførar Harald Rydland.
- Kun strengt nødvendig vedlikehald eller tilsyn for å hindre store materielle skadar er tillate.
- I ein familie der ein er smitta i husstanden, kan dei friske familiemedlemane som må vera i karantene overnatte på hytta. Den som er smitta må halda seg heime.
For desse unntaka treng ein ikkje å søkja om lov, men det vert ikkje opna for å søkja om dispensasjon på bakgrunn av andre forhold.
Det vert dyrt å bryta den nye forskrifta.
– Riksadvokaten har i eit rundskriv til politidistrikta i landet fastsett at brot på forskrifta normalt skal straffast med kr. 15.000 i bot eller subsidiært fengsel i 10 dagar.