«Eg lovar å bli ein ungdom med klårt hovud, varmt hjarta, flinke hender og god helse»

Slik vart haustfesten til Øvrebygda 4H innleia i kveld. Alle medlemmene stod på scenen og sa fram 4H-lovnaden. For eiga rekning tolkar me det slik: Utstillinga til kvar 4H–ar fortel om dei flinke hendene som har arbeidd med ulike prosjekt, noko som og  krev eit klårt hovud. Klubbleiar Ingrid Hovstad stod fram som ein dyktig programleiar. Ho fortalde mellom anna om klubben si omsorg for å hjelpe trengjande i Sierra Leone, ved å  samle inn pengar i høve 4H si 75-årsfeiring (2011) som organisasjon på landplani. Varmt hjarta, ikkje sant?

Medlemstalet i Øvrebygda 4H har skrumpa inn dei siste åra, men samhald og godt humør, pågangsmot og variert aktivitet er eit godt kjenneteikn for klubben. Me fekk sjå og høyre dette i løpet av festkvelden. Både små og store medlemmer var engasjerte i sketsjar med flotte kostyme. Ingrid las årsmeldinga og ved hjelp av bilete på storskjerm gav ho oss innblikk i mange ulike arrangement som klubben har vore med på, bl.a. juletresal, ryddeaksjon, kurs, bading, sykkeltur og skidag. Ein blir sprek av slikt. God helse, ikkje sant. I tillegg til dette har det vore faste klubbmøte gjennom heile året, der desse tre har delteke på alle samlingane: Ingrid Hovstad, Elin Korsvik og Daniel Moldskred. Klubbmedlemmene hjelpte  under festmåltidet. Lasagne og salat, og deretter kaffiog flotte kaker smaka godt.

Høgdepunktet var nok utdeling av merke til kvar medlem: Fem fekk  bronse, seks fekk sølv, og fagskjold i sølv til Ingrid som har vore lengst medlem. Liv Siri Andresen, som er klubbrådgjevar, fekk utdelt gullnål for 5 års innsats. Marta-Irene Stokken fekk ekstra takk for innsats i 20 år. Espen Dueland Jacobsen delte ut utmerkingane på vegner av 4H Hordaland.

All 4H-verksemd krev mykje av borna under rettleiing av klubbrådgjevarar og foreldre. Alle desse fortener mykje ros for arbeidet i Øvrebygda 4H.