Årsmøtet i Fitjar kyrkjelyd, rett etter gudstenesta søndag, synte at det framleis er eit rikt og variert kyrkjelydsarbeid i Fitjar.

Fitjar kyrkjelyd har ein eigen diakoninemnd, eige frivillignemnd, soknerådsbarnehage og småbarnstreff. Levande og oppgåande alt saman.

Med omsyn til det Kyrkjeleg fellesråd arbeider med, fortel årsmeldinga at det i 2006 ikkje vart gjort spesielle jobbar eller innkjøp, men årsmeldinga fortel òg om prioriterte oppgåver som må gjerast noko med, i prioritert rekkjefølgje: 1.  Kjøling, bårerom 2. Ovnar, resirk. varmepumpe 3. Oppgradering av orgel.

I kyrkja no jobbar Endre Inge Stokken som kyrkjegardsarbeider i full stilling, Jørgen Tislevoll som kyrkjetenar i 15 % stilling, Irene Simonsen og Harald Skumsnes deler 50 prosents orgelstilling mens Harald Johan Sandvik er kyrkjeverje i 50 prosent stilling.

Sokneprest Olav Oma har vore åleineprest eit halvt års tid, noko som har vore tungt, men under årsmøtet kom det fram at ein no er i intervjurunder med nye søkjarar til kyrkjelydspreststillinga. Så er det berre å vona at nokon av dei tek imot, vart det sagt.

Soknerådsformann Steinar Vik roste nyepresten, og utrrykte glede over det som skjer av kristent arbeid i kyrkjelyden.  -Til hausten vil me satsa spesielt på å få gjort noko meir med ungdomsarbeidet, sa han, mellom anna.