Desse dyra lever ofte farleg i trafikken. Foto: Kjetil Rydland.

Kvar sommar opplever bønder at dyr på beite blir påkøyrde, uten at bilistane gir beskjed , sjølv om me har plikt til å melda frå, anten det gjeld vilt eller husdyr.

I ei undersøking som Ipsos har gjort for forsikringsselskapet Gjensidige, svarer 22 prosent av dei som har køyrt på dyr, at dei av ulike årsaker berre køyrde vidare, utan å sjå etter korleis det gjekk med dyret. Det er blant sjåførar under 30 år flest er usikre på kva dei skal gjera viss dei køyrer på dyr.

– Bilistane oppgir ulike årsaker til at dei ikke stoppa. Som at det ikkje var mogleg fordi det var på motorveg, tett trafikk, eller at dei var usikre på kva dei skulle gjera eller fekk panikk, seier kommunikasjonssjef Pål Rune Eklo i Gjensidige.

Tre av ti bilførarar svarer at dei som bilførar har opplevd å køyra på dyr. Av desse er det ein fjerdedel som oppgir at det er husdyr dei har køyrt på.

– Særlig no om sommaren, med mange husdyr på beite, er det dessverre ein del påkøyrsler der bilførar ikkje melder frå. Eg trur det er for liten kunnskap om kva ein skal gjera viss ein er så uheldig å køyra på eit dyr. Mange får seg ein støkk, blir redde og kjører vidare, sier Eklo. 

Sau i vegbanen er eit kjent syn på bilferie i Noreg. Kvar sommar opplever bønder at bilførarar ikkje melder frå om dyrepåkøyrsler.

Ikkje erstatningspliktig

Eklo mener at det også finst ei førestilling om at det vil kosta dyrt å melda frå om å ha køyrt på sau eller andre husdyr.

– Dette stemmer ikkje. Erstatning for dyret du køyrer på, er ei sak mellom bonden og forsikringsselskapet, og ikkje noko du må betaa av eiga lomme. Du misser heller ikkje opptent bonus på bilforsikringa din, seier Eklo.

I tillegg gir Gjensidige redusert egenandel med 2 000 kroner hvis du ønskjer å bruka forsikringa til å utbetra eventuelle skader på bilen etter sammenstøyten.

Plikt til å melda frå

Du har plikt til å melda frå om påkøyrsel av dyr, anten det er husdyr eller vilt. Å etterlata skadde dyr er straffbart.

– Skadde dyr vil ofte prøva å gøyma seg og er vanskelege å finna. Dei kan bli liggjande i dagevis og li ein smertefull død. Meld frå til nærmaste gard, politiet eller viltnemnda. Har dyret sprunge vidare, merk staden slik at det blir enkelt å starta søk etter det, seier Eklo.

Kva skal du gjera om du køyrer på eit dyr:

  • Stopp og observer dyret.
  • Om dyret er dødt, prøv å få det ut av vegen, eller set opp varseltrekant
  • Om dyret er skadd, vurder skaden og prøv å sjå kor dyret tar vegen. Er det skadd vil det ofte stoppa og leggja seg ned ganske raskt. Ikkje følg etter, då det kan flykta vidare.
  • Meld frå til eigar, nærmaste gard, viltnemnda i kommunen eller politiet, tlf. 02800.
  • Dersom det ikkje er mobildekning, merk staden med for eksempel ein plastpose, og ring og meld frå når du har mobildekning.
Bøndene Lars Ove Rimmereid og Harald Rydland synest bilistane er omsynsfulle. Foto: Kjetil Rydland.

Bilistane i Fitjar er flinke og omsynsfulle

Store dyrelidingar kunne vore unngått om fleire varsla frå, understrekar Pål Rune Eklo i Gjensidige.

Dei lokale storbøndene Harald Rydland og Lars Ove Rimmereid meiner bestemt at bilistane på vegane her i området tar omsyn til dyra, både husdyr og vilt.

– Eg opplever ofte at folk ringjer og gir beskjed om dyr som er på videvanke på vegen! seier Harald Rydland, som trur bilistane her er meir omsynsfulle enn landsgjennomsnittet.