Ti Fitjar-ungdommar har vore i Bergen og gradert til nye karatebelte, fortel Bjarte Maraas i Fitjar Shotokan Karateklubb.

Karatefolket ligg ikkje på latsida, og helga 28.-30 november var 10 av dei yngste frå den lokale karateklubben vår i Bergen. I Fyllingsdalen var det barnegasshuku med 220 ivrige juniorar i alderen 6-12 år.

Fitjar-ungdommane kom til Bergen på fredag med graderingar frå gul stripe opp til grønt belte. Etter tre dagars trening klarte alle gradering til nytt belte på søndag. Dermed kom dei unge heim med graderingar frå heilt gult belte opp til blått belte.

Både trenar Bjarte Maraas og dei 10 ungdommane har såleis all grunn til å vera fornøgde med helga. Det same har leiaren i karateklubben, Sukhwinder Koløen, som leia treninga då me var innom i gymsalen på Øvrebygda skule tysdag kveld.

Me gratulerer med nye belte!

 

Ingressbilete: Heme frå Bergen med nye belte. Frå venstre Jonas Forland, Alexandra Maraas, Martine Korsvik, Victoria M. Maraas, Brita H. Larsen, Katarina Maraas, Leander Helland, Andrea Hillestad og Linnea Kleppe Nordbustad. Stian Larsen var ikkje til stades då biletet blei teke. Foto: Kjetil Rydland.