Mange undrar seg på korleis framdrifta er for fv. 545. Fitjarposten har lagt spørsmålet fram for ordførar Wenche Tislevoll.
Foto: Håkon C. Hartvedt
– Det næraste er Sagvåg bru. Der er planen å starta arbeidet no i april, og brua skal vere ferdig til hausten.
Så ha me stykket Rimbareid – Vik. Her starter me no med «grunnforhandlinger og arbeidsbeskrivelse», og me reknar med at det kan bli anleggsstart ved årsskiftet, seier Tislevoll.
Når det gjeld Rydlandsag-området, startar ein reguleringsarbeidet i desse dagar, og ein skal mellom anna sjå på kva ein kan gjere med dei krappaste svingane.
Omregulering i Fitjar sentrum skal òg gå inn i «Vestside-pakka». Dette gjeld strekninga frå Fitjar sentrum til kyrkja.
– At me kan gjennomføre alt dette, heng saman med at me fekk utvida bompengeperioden med to ekstra år, seier ordførar Wenche Tislevoll til slutt.