Niandeklassingane Monica Helland og Karolina Kucharenkoite var torsdag på jobb hos Varehuset Larsen for å gjera situasjonen betre for ungdom i Rwanda.

Og dei var ikkje åleine, verken hos Larsen eller i andre jobbar denne dagen. Operasjon Dagsverk, der ungdom jobbar for å betre livkvaliteten for andre ungdommar, er ein lang tradisjon. På OD-dagen i dag var rundt 130 000 norske elevar i jobb for å gi ein dag av utdanninga si for at ungdom i Rwanda skal få lik rett til utdanning.