Foreldre med barn i Fjellheim friluftsbarnehage stilte i dag, på svært kort varsel, opp framfor Fitjar Rådhus for å markere at dei vil kjempe for Fjellheim barnehage.

Bakgrunnen er at etter et administrativt vedtak på møtet i Utval for Oppvekst og Omsorg nyleg, får barnehagen redusert tilskotet til drifta så mykje at styrar Anne Karin Nilsen har sendt brev om mogeleg nedlegging av barnehagen etter 17 års drift. 

– Me foreldre kan ikkje sitje å vente på at slikt skal skje. Difor vil me allereie no markere at me vil kjempe for å få behalde Fjellheim barnehage. Kven skal elles gje tilbod til dei 43 borna som no har plass der? spør Anne Sofie Skumsnes som er talsmann for foreldra i denne saka. Sjølv har ho trong for tre fulle barnehageplassar i haust.

Det har ikkje lukkast fitjarposten.no å få kommentar frå styrar Anne Karin Nilsen.

Fitjarposten vil måndag kome med skulesjef John Karsten Raunholm sin kommentar til saka.