Fitjar barnegospel avslutta konserten med

Mange små og store lokale stjerner skein under adventskonserten til Fitjar kulturskule torsdag ettermiddag, og musikken og songen framkalla julesteming i ein ganske fullsatt kultursal.

Fitjar skulekorps, med sin dirigent Svein Roger Koppang, sette tonen med «Joy to the world». Og det var det som prega konserten, mykje musikkglede og mykje juleglede. Det var reint til å bli rørt av, og nokre tårer samla seg i augekroken både hos den eine og den andre under dei ulike framføringane.

Ragnhild Prestbø i skulekorpset imponerte med ein flott og krevjande euphoniums-solo på «Memory», og gutane på slagverk briljerte med flott soloparti på «Fresh». Skulekorpset spelte elles julesongane betre enn dei har gjort på mange år, og det var ei glede å høyra den reine og fyldige klangen dei hadde.

Fleire songelevar deltok på konserten. Kristian F. Giske song flott «Julekortet» og ei jentegruppe som bestod av Marie M. Oma, Ingrid S. Bergesen, Erika Reigstad og Lena Tislevoll song fint og fleirstemt «En stjerne skinner i natt». Kva skal me med Oslo gospelkor når me har desse flinke, unge songarane her på Fitjar, som gjev oss minst like mykje julestemning som det kjende koret frå hovudstaden? Både Audun Arthur Mehammer og Ingvild M. Oma akkompagnerte seg sjølv på piano då dei framførde sine songnummer, i tillegg til at Invild akkompagnerte Marthe Volde Nordfonn som song Skeie og Tveit sin kjende adventssong «Tenn lys», med kraftig og flott røyst.

Det vart framførd mange godt innøvde og vanskelege pianostykke. «Old french song» vart stødig framførd av Arne Tobias Ødegaard, den flotte og vare «Andante frå Sonata K545» av Ingvild M. Oma og den raske, trippande «The entertainer» av Guro Rimmereid.

Midt i programmet var det lagt inn ein allsong:» Bjelleklang», akkompagnert av ei gruppe gitarelevar saman med gitarlærar Miroslav Mintcher. Flott akkompagnement og kjekt å få vera med å synga.

Fløyteelevane spelte fleirstemt julemusikk. Aldersspennet på elevane her er frå 7 til 15 år, men samspelet mellom Olga Vestbøstad, John Kevin Sandvik, Ingvild Prestbø, Judith Emelie Hageberg, Inger Louise Sandvik og lærar Anne Lene Ø. Jordåen såg ut til å fungera fint, og det høyrdes bra ut.

Aspirantane i Fitjar skulekorps var og med å skapte adventssteming med» Bjelleklang» og «Deilig er jorden». 9 dyktige aspirantar lovar godt for framtida til korpset.

Konserten vart avslutta med flott song av Fitjar barnegospel. Mange flinke solistar deltok, det vart god «trøkk» i koret, og gleda i songen smitta over på tilhøyrarane når dei song om grunnen til gleda:  «En konge er født!»

Ein flott konsert, som sette mange fitjarbuarar i adventsstemning. Me gjekk heim i regnet, nynnande på strofa til Kristian:» Til jul skal jeg sende et julekort til mange jeg kjenner i landet vårt….»

Fitjar barnegospel avslutta konserten med «En Konge er født.»

Takk for ein flott konsert og takk til Anne Lene Ø. Jordåen som gjer ein framragande jobb som kulturskulerektor!