Utvalsleiar Grete Marit Veka Maraas frå Senterpartiet. Arkivfoto

– Har Fitjar Kommune diskutert å innføra strengare smitteverntiltak enn me har no, som fylgje av mutasjonsutbrota, for å prøva å hindra utbrot i vår kommune?

Utvalsleiar for oppvekst og omsorg Grete Marit Veka Maraas (Sp) hadde sendt inn fleire spørsmål i forkant av gårsdagens utvalsmøte. Rådmann Olaug Haugen, og helse- og sosialsjef Anne Økland svara:

– Kommunen si kriseleiing har møte ein gang i veka og drøftar då konkret smittestatus og aktuelle tiltak. Seinast 8.februar drøfta med situasjonen i Fitjar som konsekvens av situasjonen i Bergen og omland.

Veka Maraas hadde ogso spørsmål om ein hadde diskutert ei lokal forskrift om eventuelle tiltak som ein kan setja i verk for å prøva å hindra at mutert virus kjem til Fitjar.

– Fitjar kommune har sidan medio desember hatt eit eige smittvernvedtak knytt til restriksjonar for sjukeheimen/ FBB. Vi har ikkje hatt behov for eiga kommunal forskrift enda. Kriseleiinga vedtok 18.12.20 nytt kapittel i kommunens Covid19 plan om handtering av eit stort smitteutbrot i Fitjar, svara Haugen og Økland.

Utstyr og personell

– Har Fitjar kommune nok helsepersonell og smitteutstyr om det skulle bli eit større utbrot av viruset i nær framtid i kommunen, spør utvalsleiaren.

Helse- og sosialsjef Økland fortel at Fitjar har eit stort lager av smitte/verneutstyr, men at det kan bli utfordrande å få tak i nok helsepersonell.

– Det vil ved eit slik høve vera heilt naudsynt å omdisponere helsepersonell og skalere ned enkelte tenester.

Økland fortel at Fitjar hadde større tilgang til vikarar i mars. Då kom nemleg mange studentar heim sidan skulane stengte ned, og desse kunne jobba ekstra. Samstundes har ein høgt sjukefråvær som ein følgje av at ein skal vera heime ved luftvegsymptom, testing og venting på svar.

Rådmann Olaug Haugen, og helse-og sosialsjef Anne Økland på barnehagetomt-synfaring. Foto: Ingrid Hovstad

Vaksinering

Veka Maraas lurte ogso på kor langt covid-19 vaksineringa er komen i Fitjar.

– Me har nå vaksinert nær 170 stk. Det betyr at alle i institusjon/omsorgsbustadar er vaksinerte. Dei fleste av desse har fått både dose 1 og dose 2 (alle ved FBB er ferdigvaksinerte). Alle over 85 år som ynskjer vaksine er ferdigvaksinert, og me er starta med tredje prioriteringsgruppe for personar mellom 75 og 84 år. Alle blir ringt til og får time til oppmøte.

– Når det gjeld helsepersonell har ein gitt vaksine til tilsette ved legesenteret, nokre ved koronasentralen, og er starta på tilsette som er prioriterte i heimebaserte tenester og ved sjukeheimen.

Ny helserådgjevar

Utvalsleiaren ynskja seg elles meir informasjon om Fitjar kommune sin helserådgjevar i 100% stilling.

– Frå desember 2020 vart denne stillinga auka med 20 % . Auken i stillinga vil verta nytta til oppfølging av fastlegeavtalane, samt vera einingsleiar ved Fitjar legekontor. Vedkommande har lang fartstid i frå spesialisthelsetenesta og har ein spisskompetanse på smittevern, akuttmedisin, beredskap og regelverk kring legetenesta. Fitjar kommune har både kapasitets- og kompetanseutfordringar på desse felta. Stillinga er som tidlegare viktig for å styrke det langsiktige arbeidet med folkehelse, samt ressurs inn i arbeid med planar, høyringar, saksbehandling i samsvar med sentrale føringar. Helserådgjevar vil framleis ha ei viktig rolle når det gjeld få tak i midlar frå eksterne tilskotsordningar, svarar Økland.